Information-Centric Networking for mobile military networks

Author
Hauge, Mariann
Landmark, Lars
Kure, Øivind
Johnsen Frank Trethan
Date Issued
2019
Keywords
Mobile nettverk
Kommunikasjonsnettverk
Kommunikasjonsprotokoller
Informasjonsinfrastruktur
Tjenesteorientert arkitektur
Project number
19/00602
Permalink
http://hdl.handle.net/20.500.12242/2565
Collection
Rapporter
19-00602.pdf
Size: 1M
Abstract
Summary Modern warfare requires an information infrastructure that facilitates extensive information sharing. It is challenging to build networks that can support this in an efficient manner, particularly for mobile forces. Information-Centric Networking (ICN) is the name of a group of new network architectures that might form the basis for the future Internet. ICN introduces a completely new way of accessing information in a network by addressing the name of the information instead of the IP address of the server that produces or stores the information. This allows for a better integration of the information infrastructure with the communication infrastructure and can potentially leverage faster and more efficient information sharing. ICN also has some characteristics that can potentially be beneficial for the performance of future mobile military networks. Some of ICN’s interesting characteristics are its ability to efficiently support communication both to a group of receivers and between the source and a single receiver within the same architecture as well as ICN’s ability to handle moving nodes and highly unstable network connections. Given these interesting characteristics, this report explores this emerging and disruptive technology to assess if the technology should be considered for the Norwegian Armed Forces’ future mobile military networks. Our method has been a combination of literature review and experimentation with demonstrators that implement a popular ICN architecture called Named Data Networking (NDN). We have reviewed the literature that studies NDN for mobile military networks and a selection of other relevant studies. As part of the process of building a demonstrator we have implemented an extension to the existing open source code. Our extension supports the search for information in mobile military networks. The extension can be used as a stepping stone for further optimizations of such networks. We have studied how NDN can potentially improve the efficiency and stability of mobile military networks, and we list a range of potential advantages as well as known challenges with the use of NDN in mobile military networks. We have studied in more detail methods used to find information in the network since this is important for the tradeoff between efficiency and robustness in mobile military network. It is also important for NDN’s ability to support the information infrastructure. Finally we have studied how well NDN can support the information infrastructure and have compared NDN with two relevant Service Oriented Architecture (SOA) approaches. We conclude that NDN is worth studying closer, but that the maturity is low. The studies have strengthened our view that this architecture has interesting characteristics for use in mobile military networks. We also acknowledge that there are unresolved challenges associated with the NDN architecture that must be solved before this architecture can be considered for deployment in the military networks. Examples are; design of a scalable namespace, confidentiality protection of the search for information as well as efficient and robust search for information in mobile military networks. We recommend further studies of this architecture as it matures, to see if the challenges can be solved in a sound manner.
Samandrag I dagens militære operasjonar er det nødvendig med ein informasjonsinfrastruktur som gjer det enkelt å dela store mengder informasjon. Det er vanskeleg å byggja slike nettverk, spesielt for mobile styrkar. Information-Centric Networking (ICN) er fellesnamnet på fleire forslag til nye nettverksarkitekturar som kanskje kjem til å verta ein del av teknologien for internett i framtida. ICN introduserer ein ny måte å finna informasjon i eit nettverk på ved å bruka namn som identifikator på informasjonen i staden for IP-adressa til sørvaren som produserer eller lagrar informasjonen. Dette kan gje betre samhandling mellom informasjonsinfrastrukturen og kommunikasjonsinfrastrukturen og setja nettverket i stand til å tilby kjappare og meir effektiv deling av informasjon. ICN har også nokre eigenskapar som kan vera fordelaktige for framtidige militære mobile nettverk. Støtte for kommunikasjon både til ei gruppe med mottakarar og til ein enkelt mottakar innanfor same arkitektur, og dessutan støtte for mobile plattformar og ustabile radiolinkar, er eksempel på fordelaktige eigenskapar. I denne rapporten studerer me denne nybrotteknologien for å kunne vurdera om teknologien bør koma i betraktning for ny arkitektur for mobile militære nettverk til det norske Forsvaret i framtida. Metoden me har brukt i arbeidet er ein kombinasjon av litteraturstudiar og eksperimentering med demonstrator. Me valde å byggja demonstratorane ved hjelp av Named Data Networking (NDN), som er ein populær ICN-arkitektur. Som ein del av arbeidet med å laga ein demonstrator har me utvikla eit tillegg til den opne NDN-kjeldekoden. Tillegget vårt gjev betre støtte for søk etter informasjon i mobile militære nettverk. Dette tillegget kan brukast som eit utgangspunkt for ytterlegare optimalisering av NDN-arkitekturen for slike nettverk. Me har studert korleis NDN kan betra effektiviteten og stabiliteten til mobile miltære nettverk, og me viser både potensielle fordelar ved bruk av slike arkitekturar i tillegg til kjente utfordringar. Me studerer spesielt metodar for å søkja etter informasjon i mobile miltære nettverk sidan denne funksjonen er viktig for å kunne styra effektiviteten til nettverket (effektiv ressursbruk) opp mot nødvendig motstand mot pakketap. Søkjemetoden er også viktig for at NDN skal kunne gje god støtte til informasjonsinfrastrukturen. Me har også gjort ein kvantitativ studie av NDN mot to relevante løysingar for tenesteorientert arkitektur for å vurdere kor effektiv NDN si støtte til informasjonsinfrastrukturen er. Me konkluderer med at NDN er interessant og bør studerast vidare, men at arkitekturen ikkje er moden. Studiane me har gjort, styrkjer trua vår på at denne arkitekturen har eigenskapar som kan vera nyttig i mobile miltære nettverk. Samtidig er det viktig å understreka at arkitekturen har utfordringar som må løysast før den kan brukast i operative nettverk. For eksempel må ein skalerbar namnestruktur på plass. Det er også nødvendig å støtte konfidensielt søk etter informasjon og dessutan effektive løysingar for søk etter informasjon i mobile militære nettverk. Me anbefaler å fortsetja å forska på denne arkitekturen for å finna løysingar på dei viktige utfordringane.
View Meta Data